fredag, april 29, 2016

Dagbok 2016: 29.april


Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 13  grader C, det er skya, men opplett no.
I går hadde eg tenkt å bytte på sengane og lufte sengetøyet, men eg utsette det til i dag. Det var ikkje lurt! Då vi stod opp i dag var det både grått og regnfullt. Eg fekk likevel "tatt" soverommet, men luftinga måtte eg sløyfe.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, for hofta har plaga meg. Kanskje er det endringa i vêret som er årsaka? Gikt likar ikkje vått vêr-eller er det det den likar -eigentleg?
Nils hadde bestilt time hos frisørdama si i dag, bildet under er frå i går kveld, no er han nyklipt. Mens han var vekke laga eg middag; i dag var det laks med pesto, spaghetti og wok-grønsaker. Det var godt !
No har eg vore ut på altanen og sett på den nye utsikta, likar å sjå heilt ned på fjorden, men når det kjem lauv på trea vert mykje av "utsikta" vår borte. Naboen vår og eg er samde om at vi "elskar" lyden av motorsag !
Elles er det fryktelig trist med helikopterulykka-det er mange som har det vondt i kveld.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...