lørdag, april 30, 2016
Dagbok 2016: 30.april
Klokka er 19.10, temperaturen ute er 16,6 grader C, max temp i dag var ca + 20 grader. Det har vore lettskya og fint i heile dag, litt vind før middag.
Eg vakna opp med vondt både her og der, noko som eg på ingen måte likar. No er eg faktisk heilt fin igjen.
Vi var litt seine før vi kom i siget i dag, men kom oss no nedover til slutt. Vi handla det vanlege:Mat og medisin. Og så kjøpte vi ei ny suppepanne. Vi har kassert ein av dei gamle kasserollane og hadde behov for ein ny-trur eg. Både Nils og eg er veldig opptekne av panner og kasserollar, men i dag skulle vi ikkje kjøpe dyrt. Men kva skjer? Vi går inn på Jernia og kjøper ei som både er dyr og av god kvalitet. 5 liter suppe er ein høveleg porsjon? Eg har tatt fleire bilde av den, men får ikkje lagt dei inn på dataen. Noko er det støtt med desse maskineria.
Nils kjøpte også 10 nye jordbærplantar som truleg vert planta i åkeren i lag med dei andre. Vi har hatt veldig dårlege jordbærår lenge no, men forstår ikkje kva vi gjer gale.
Då vi kom heim åt vi litt før vi sov middag på altanen, der var det varmt og godt i dag.
No held eg på å steike ei lita steik, men har ikkje steiketermometer som virkar, så det spørs korleis det går. Men har bruna saus sjølv, det er sjeldan eg gjer når vi er berre to.
I morgon skal vi til Volda viss Nils er i form til det. Han likar ikkje å sitte for lenge om gongen. Dei siste åra har vi "feira" 1.mai i Volda.
Sidan eg ikkje sa det i går ønsker eg alle god helg.
Bildet: Eg kom på at eg har MOBIL.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


3 kommentarer:
Då sjåast vi i Volda i morgon :)
Håper det. Skal ta med boka i tilfelle.
Godt med gode panner! Eg kjøper berre kvalitet!
Det er så irriterande når det brenn aeg fast t.d.
Her vart det svinesteik i dag.
Legg inn en kommentar