tirsdag, april 05, 2016

Dagbok 2016: 5.april

Klokka er snart halv åtte. temperaturen ute er + 10 grader C, det er overskya, men opplett. Sola var så vidt framme ei stund i 15-tida, og då var tempen oppe i +17 grader C.
I går hadde vi ein aktiv dag, i dag har vi tatt det meir med ro.Nils var til rutinekontroll hos fastlegen før middag, og eg støvsuga til den store gullmedalje. Godt å ha ein støvsugar som funka igjen, følte at her blei skikkeleg reint i dag. Når ein har så mykje teppegolv må ein ha skikkeleg støvsugar. Vaske dei andre golva skal eg gjere i morgon.
Elles har eg strikka ein del. held på med det andre lesteparet av garnet eg kjøpte laurdag, dette er ikkje lestar i aller største storleik.Har høyrt ferdig boka mi mens eg strikka. Elles har eg vaska og hengt ut klede, og stroke noko av det som eg tok inn frå snora. Slik går dagane med huslege syslar.I dag vart det ikkje gjort noko i hagen, men naboen tok med seg ein diger sekk med hagerusk som vi hadde samla. Han skulle bort med sitt eige og tok vårt med på kjøpet.
Det er ikkje så mykje å sjå på TV for tida, men eg skal no sjå "Severin", sjølv om eg synest at serien har vart lenge nok.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale, for neste veke er det pensjonistmøte.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...