torsdag, april 21, 2016
Dagbok 2016: 21.april
Klokka er 19.00, temperaturen ute er +7 grader C, og det er framleis grått og vått. Men det er sjanse for at det også kan kome noko kvitt frå skyene.
Denne dagen har eg gjort så å seie ingen ting.
Nils hadde avtale med ein annan lege i dag - ikkje fastlegen- klokka 11.00. Han forklarte problema sine, og ho skulle kontakte Åse sjukehus og snakke med legen som Nils har der. Ho skulle ringe heim til oss etterpå. Då vart vi sittande og vente på det. Då ho ringde vart vi beroliga, for det er vanleg med slike biverknader. Då vi var på Åse til samtale, sa dei at der ikkje var biverknader med denne behandlinga. Nils tok ein "kvalmetablett" i dag tidleg og har vore bra sidan. I dag har han fått i seg både mat og drikke, så no føler vi oss betre - begge to.
Eg hadde kjøpt inn altfor mykje lettrømme som stod og vart for gammal, så eg prøvde å lage rømmegraut av den. Den blei ikkje som vanleg rømmegraut, for den skaut ikkje feitt, men det var eg budd på. Trudde ikkje denne retten var noko for kvalme folk, men Nils åt av den-han også. den smakte ganske bra.
Eg har strikka litt og lese i boka mi, men det har stort sett vore ein veldig tam dag. Eg presterte å somne på sofaen etter grauten.
Heldigvis avgjorde kommunestyret i Ørsta at den nye idrettshallen skal byggast på utstillingsplassen, noko som eg klappar for. Veit litt om korleis det er å vandre med ein flokk ungar frå barneskulen til ungdomsskulen for å ha gym - og no hadde dei tenkt å gjere vegen enda lenger. Opprøret kom frå "grasrota" dvs. elevar og lærarar på barne-og ungdomsskulen. Vedtaket var einstemmig, så ein kvan må ha skifta meining sidan sist saka var oppe.
Det har vore lite bilde på bloggen i det siste, men det har heller ikkje vore mykjeå ta bilde av.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.april i dag.
Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
1 kommentar:
Godt han har fått att appetitten! Trasig biverknad ...
Legg inn en kommentar