mandag, februar 11, 2019

Dagbok 2019: 11.februar

Klokka er 18.20, temperaturen minus 1 grad C og det snøar litt enno. Det hadde begynt å snø i går kveld så eg vart ikkje overraska då eg såg ut i dag tidleg. Ca. 20 cm nysnø !Rett etter frokost begynte eg å mòke, først altanen, så utestova og til slutt trappa og tunet. Torbjørn tok bort brøytekanten med fresaren, og laga ein veg ned til garasjen. Eg finpussa litt med spade og snøbrett. Eg tek det ikkje så tungt om denne snøen kom for alt i morgon skal det bli mildare og onsdag veldig mildt om vêrmeldinga stemmer.


Eg vart både tørst og svolten av all mòkinga, men eg hadde ein pakke spekesild på lur ! Det er ingen løyndom at eg er overmåte glad i spekesild. I dag laga eg stappe av rabbe og potet til-for å gjere det lettvint. Sylta rødbetar et eg nesten kvar dag, så det hadde eg også. Eg skal ikkje røpe kor mykje sild eg åt, men eg åt i alle fall så mykje at det har gått hardt utover drikkevarene mine; brus og eplejus.
Eg begynte så smått på genseren til Margrete i går, men måtte rekke opp att. 
I dag starta eg opp i dagslys, og no har eg kome over kneiken. Strikka rullekant og vrangbord på pinne nr.3,5, men så fekk eg gå over på pinne nr.4,5 då eg starta på mønsteret, då gjekk det mykje betre. Dei tre fargane eg har brukt hittil er grått(botnfarge) blått og kvitt. Mønstert er ikkje vanskeleg, trur eg, så berre eg kom godt i gang skal det gå bra. Målet mitt var å komme forbi mønsteret slik at eg kan strikke einsfarga mens eg ser på TV.Trur storleiken blir passeleg, men om genseren blir for stor eller for liten til Margrete rekk eg å strikke ein til Genseren passar vel ein eller annan i familien uansett.
Las ikkje på spanskleksa mi i går, så då blir det dobbelt opp i dag. 
"15 min. cada dia," seier La Profesora.



Fekk morsdagshelsing frå Tyskland i går kveld. Då var Rasmus installert på eit hotell i Esslingen, ikkje langt frå Stuttgart.







Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...