torsdag, februar 21, 2019

Dagbok 2019: 21.februar

Klokka er 20.00, temperaturen + 7 grader C og det regnar så smått. Har berre så vidt vore ut for døra i dag, henta posten og henta inn ved. Men har ikkje fyrt i omnen. 
Sov rimeleg bra sist natt, men vakna klokka 5, og det var for tidleg å stå opp, så eg vart liggande å lese ei stund, sovna litt også, men klokka 8 orka eg ikkje å ligge lenger. Ikkje heilt likt meg å vere morgonfugl.
Etter frokost, avis og Sudoku, sette eg meg til å feste trådar på Margrete sin genser. Så vaska eg den, rulla den inn i ein handduk, og etterkvar blei det å legge den på badgolvet til tørk. No har eg så vidt begynt på eine erma på ein ny genser- til Erlend.
Eg tok fram støvsugaren i dag og for over stovegolvet, der blir ein del lo-om ikkje anna.
Elles har eg gjort ein del "kontorarbeid"-dvs. laga meg nokre oversiktsark til spansken, sett på utkast til årsmelding etc. Det er årsmøte i pensjonistlaget komande onsdag. Skifta begge blekkpatronene i printeren, så no kan eg printe ut det eg vil. Elles har eg ikkje gjort så mykje. Laga meg litt mat i 15-tida og etterpå vart eg så trøytt at eg sovna i stolen. 
Marit var ikkje på spanskkurset i går, så ho kom ned og fekk skrive av leksa. Så fekk eg ei å drikke kaffi i lag med i dag også. No er det vel på tide å benke seg framfor TV-en med spøt. Får strikke no, når våren kjem får eg anna å styre med. Snøklokkene blomstrar på plenen no og snart er det mars.
I dag, på kongens fødselsdag, er det også nokre i storfamilien som fyller år. Hilde Helen, som eg er tante til, fyller 49 år i dag. Ho er dottera til Rolf, Nils sin bror. Og så er det Henning på Eid-han fyller 15 år. Han er barnebarnet til bror min, og eg er tanta til mor hans. Barn og unge blir vaksne-det er greitt, berre så synd at ein sjølv vert gammal. I morgon fyller nest eldste barnebarnet, løytnanten, 29 år. Det er litt rart å vere bestemor til vaksne folk. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...