søndag, februar 17, 2019

Dagbok 2019: 17.februar

Klokka er no 19.10, temperaturen er + 10 grader C, og det er opplett. Ikkje heilt klårt, men eg såg månen. 
Eg gjekk heim att i kveld, frå Støylevegen, der eg var på besøk hos Eli og Terje. Blei bedt til middag hos dei i dag og Terje henta meg; men heim att ville eg gå. Å gå oppover er betre enn å gå ned. Eg vil gjerne finne ut kva føtene mine tåler. Og det gjekk fint med butikkturen i går.
Heile føremiddagen i dag sat eg med strikketøyet mitt. Først var det å få ermane og bolen inn på samme pinne og telje etter om masketalet stemte. Det gjorde det, så eg fekk strikka nokre omgangar med mønster før eg måtte gi meg. Gjorde ein liten feil som eg måtte ta opp, men mønsteret er ikkje vanskeleg. Likte berre ikkje at eg måtte strikke nokre omgangar med tre trådar, det blir noko voldsomt med så tjukt garn. Trur det skal gå bra. Spenninga ligg i om genseren passar till Margrete-eller om der blir andre som skal ha den.
Då det leid på dusja eg og vaska håret, før eg blei henta. Det var eit ektepar som var bedt også, så vi var 5 til bords og vi hadde det veldig hyggelig. God mat fekk vi også.
Idet eg stod og skulle takke for meg, ringde Ingeborg. Ho kjem med flyet i morgon og ville komme oppom; eg fekk ikkje snakka så mykje med henne sidan eg stod og tok farvel.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. I dag før middag når eg sat og strikka høyrde eg radio, kan ikkje sjå så mykje TV når eg strikkar mønster. Det er mykje kjekt å høyre på DAB-en.
I dag fyller Ambjørg 79 år og eg vil gratulere henne med dagen! Eg fyller år neste månad og viss vi lever neste år, blir det 80-årsdagar. Det er ikkje til å tru. Kvar vart det av alle år og dagar? No når eg gammal og tenkjer tilbake i tid, angrar eg meir på alt eg ikkje gjorde enn på dei feila eg faktisk gjorde. Skulle ønske eg fekk ein ny sjanse- men det er berre å gløyme.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...