torsdag, februar 14, 2019

Dagbok 2019: 14.februar.




Klokka er 16.45, temperaturen er + 8 grader, det blæs og snøen smeltar- men det går ikkje fort. Venninna mi i Bergen ringde i dag for ein prat, der var det berre marker og sol som varma opp heile huset-slik er det ikkje her.
I dag har eg vore sløv -det er nokon som har tatt arbeidslysta mi-eg håper å få den igjen om ikkje alt for lenge. Eg stod tidleg opp i dag men kom ikkje i gang med anna enn strikking, det er noko som er lett å gripe til. Men det blir no litt for stillesittande i lengda. Det er ei erm eg held på med og no er eg komen så langt at eg har den på rundpinne. Innimellom har eg saga litt ved og fyrt i omnen, og så har eg "spansk-leksa ved sidan av meg når eg strikkar. Denne veka puggar eg dagar og månader, så no har eg tatt fram kalenderen for 2015 - den som Einar hadde kjøpt på Gran Canaria. Eg trur aldri eg får bruk for å kunne spansk, men det er bra med litt hjernetrim - tenkjer eg. Litt interessant å sjå om ein greier å lær noko nytt når ein er nærmare 80 år.
Fekk lyst på poteter i dag, skulle gjerne hatt fisk også, men det hadde eg ikkje i hus. Men eg kokte poteter og år mår til. Det smakte veldig godt. Sjølv eg kan gå lei av brødmat. Var ikkje heilt i form i dag heller, men no er eg heilt fin. Det er berre arbeidslysta som manglar.

Eg tenkte eg skulle ringe til Ambjørg i dag, ho har fødselsdag den 17.februar, så eg tenkjer litt spesielt på henne rundt den datoen. Men så ringer telefonen og det er akkurat ho. Eg har eit spesielt forhold til henne, vi har kjent kvarandre så lenge. Hausten 1947 begynte vi i 1. klasse på barneskulen og sat i lag på ein tomannspult. Sidan vi begge kunne å lese slapp vi å kjøpe dei nye ABC - bøkene med hane på, dei som vart innført det året. Vi fekk bruke dei gamle bøkene som vi hadde med heimanfrå. Læraren spurde oss kor langt vi var komne, og vi vart samde om ei side i boka. Vi gjekk i same klasse i heile folkeskuletida og dei to åra på realskulen. På gymnas skilde vegane våre seg sidan ho gjekk reallinja og eg engelsklinja, men det var no i samme huset. I 1958 var vi i Bergen der vi vart innmatrikulert  på universitetet. Ho begynte å studere, men eg tok lærarjobb i Solund. Det vart aldri til at eg studerte i Bergen. Sommaren 1962 gifta vi oss i Bergen , begge to, med kvar vår sogning. I samme kyrkja, men ikkje samme dagen. Mannen hennar var frå indre Sogn, Nils var frå dei ytste øyane. Seinare kom det fram at dei to karane hadde vore i lag i militære i Stavanger, men kjende ikkje kvarandre. Dei var begge fødde i 1936, med 3 dagars mellomrom. Vi hadde ei venninne som var eitt år yngre enn oss, og vi tre var mykje i lag. Dessverre døde Karen Marie av kreft for nokre få år sidan. 
Når ein blir så gammal som eg er, hugsar ein betre det som var for lenge sidan- enn det som har hendt i nyare tid. Det kan godt hende at eg har skrive det samme om Ambjørg før-det er sannsynleg at dei samme tankane kjem opp att kvart år rundt den 17.februar.
I dag er det Valentinsdagen-men det har eg ikkje merka noko til. Er motstandar av å innføre fleire amerikanske shoppingdagar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...