Klokka er ca 15.45, temperaturen er +11 grader C og det er overskya, men opplett. Sist natt hadde det regna igjen, så eg slit litt med å få tørt sengetøyet som har hange ute sidan laurdag. No er det like før det går i trommelen. Kleda eg vaska i går, tørka eg i trommel og dei er alt på plass.
I dag hadde eg ikkje all verda på programmet, skulle berre vaske bad og kjøkken, og så skulle vi handle.
Mens eg vaska dreiv Nils og fileterte fisk. Matias var "læresvein", som han sjølv kallar det, han vil gjerne lære kunsten.(Han fyller faktisk 68 år i dag, ganske nøyaktig 10 år yngre enn læremeisteren, altså.)
Etter ein liten lunsj, reiste vi for å handle. I dag shoppa vi på Coop Extra i Furene, så vi var ikkje innom Amfi. Så for vi til Volda og kjøpte oss middag, for vi hadde lyst på Kina-mat. Når Nils har jobba med fisk meir og mindre i to dagar, syntest han det var greitt å ete noko heilt anna. Men i morgon blir det steikt sei!
Stakk innom strikkebutikken og fann meg lestegarn på tilbod. Driv og strikkar lestar av all slags restegarn, men treng noko å plusse på med.
I kveld klokka 19.30 skal vi på konsert i Voldakyrkja -det er musikklinja ved VVS som står for musikken og songen. Så då blir det enda ein tur til Volda i dag. Det kan hende eg skriv litt om konserten seinare.
Nils driv og sagar opp fåreribbene vi skal ha på laurdag.
PS:
Det vart ein flott konsert i ei stappfull Volda kyrkje.De kan lese meir på Margrete sin blogg. Eirik song både i koret, ei vokalgruppe og solo i "Holy man". Han var flink, som han alltid er. Etterpå vart Nils og eg med ein av mine gamle kollegaer heim og sat og prata ei stund.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

1 kommentar:
Vi gler oss!
Legg inn en kommentar