mandag, november 17, 2014

Dagbok 2014: 17.november.

Bildet over er tatt frå trappa vår i dag klokka 13.15. Ein time seinare kom sola att for å vere her ei lita stund, og så kom ho att enda ein gong seint på ettermiddagen. Det er ikkje ofte vi får registrere nøye korleis solforholda er i november månad. 

No er klokka snart 18.30, temperaturen ute er +1,6 grader C. Det har vore ein nydelig dag, men eg har likevel ikkje vore så mykje ute. Nils gjekk ein liten tur no i kveldinga.
Etter at eg hadde rydda litt i huset var vi på ein butikkrunde før middag. Eg er heilt "invalid" i ryggen med det same eg står opp, men etter ei stund blir eg betre.
Vi var bort til Lefdal med mobilen min, den ville nemlig ikkje ta fleire bilde, og verken vi, døtrene eller barnebarna fekk den i gang igjen. Hos Lefdal fekk vi god sørvis, men heller ikkje der fekk dei telefonen til å virke igjen. Eg skulle få ein ny, men det gjekk eit par dagar før dei var på plass. Det galdt dei SVARTE. Vi spurde om dei ikkje hadde fleire att av dei raude som dei nyss hadde fått inn, og det hadde dei. Så no har Nils og eg heilt like telefonar. Eg har klistra namnelappe på min, så det går bra.
Vi var innom Plantasjen for å sjå om dei hadde fått inn att tulipanløkar, men der var det berre ca 1000 julenissar. Heller ikkje på Felleskjøpet hadde dei tulipanløk, men sidan vi var der hamstra vi toalettpapir og vaskepulver. Hadde tenkt oss innom Europris også, men det gad eg ikkje i dag.Vi får ikkje planta løk før blomkarsen er fjerna, og den blomstrar enno.
Vi var også innom Amfi og handla litt mat, det er alltid noko vi manglar.Og der møter vi alltid kjentfolk.
Etter to dagar med tung og kraftig mat, gjorde vi det lett i dag. Koka mandelpoteter og åt røykelaks med sennepssaus til. Ikkje verst det heller.
Blei fryktelig tørst etterpå, så no går det på usunt drikke med sukker etc. som står att frå laurdag.
Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag. Har site ei stund med strikketøy og lydbok, men veit ikkje om det er så bra for ryggen. Og no har Nils sett på TV-en så då er det ikkje så godt å lese. Den fine novemberkaktusen på bildet, var det Solveig som kom med.På plantasjen hadde dei no julestjerner i enda fleire fargar enn før, mellom anna lys lilla. Eg kjøpte ikkje i dag, men plar kjøpe kvite.



3 kommentarer:

solveig sa...

Viss det held fra slik, kan denne novembermånaden gå inn i historia som ein av dei finaste!

Hildegard sa...

Merkeleg med det kameraet på Doroen. Eg opplevde det same i fjor etter kort tid -og fekk også ein ny hjå Lefdal. OK service.

Besta sa...

No brukar eg ikkje kamera på Doroen så mykje, men synest alt skal vere i orden når den er ny.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...