fredag, november 28, 2014

Dagbok 2014: 28.november

Klokka er 17.15. Temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore overskya opphaldsvêr i heile dag. Ganske fint, men ikkje heilt lyst, liksom. Nils reiste på sjøen i 8-tida for å drage liner. Eg trudde ikkje at han vart så lenge, så eg tenkte vi kunne ta ein tur nedover i løpet av dagen. Slik vart det ikkje. Klokka var over 12 før han var heime, så skulle han sløye fisken, og så skulle vi ha mat. I dag vart det pizza frå frysaren, for han hadde ikkje fiska sei langsmed.
Og då vi hadde ete, vart vi så sigande trøtte. Eg er forresten veldig trøtt for tida, trur det har med årstida og manglande lys å gjere. Eg søv i alle fall nok.
Her er verken snø eller rim på marka no lenger, men i fjella borte i Dalsfjorden er det snø, det kan de sjå på bildet over. Fjella her omkring har berre eit lite "melisdryss".
Mens Nils var vekke bytte eg på sengane, vaska golvet på soverommet og vaska sengkleda i maskina.Det er ikkje noko storarbeid akkurat, men godt alt som er gjort. Neste veke har eg mykje på programmet-og det er ikkje husarbeid akkurat.
I dag har eg hatt plage med venstre auge. Det har eg hatt mange gonger før, trur det har med musklar å gjere, så eg håper det kjem seg denne gongen også. Eg får prøve å vere litt mindre på data.

Nils har mange kattevennar, men Chat Noir er den mest trufaste. Han sit på dørmatta når vi står opp om morgonen. Og han får fisk kvar dag!
Lollo er katten til Marit som bur rett over vegen, ho er her også ofte, og ho likar også fisk. Fiskefangsten i lag vart blålange, kvitlange og brosme, så no har vi nok av denne sorten til over jul.



3 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest kattane er så fine samanlikna med før i tida!
Håper auget ditt kjem seg!

Besta sa...

Det har kome seg allerie, trur kanskje det kom av at eg begynte å lese ei bok på PAPIR.

Besta sa...

Lollo er den finaste katten eg har sett, sjekk dei fargane. Men ho er ikkje kosete, ho både freser og klorar. Ja, ho er ikkje slik mot dei som eig henne, då.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...