Klokka er 18.30, temperaturen ute er ca +4 grader, det er bekmørkt og det regnar litt.
Før middag var eg relativt aktiv, eg baka ein porsjon(stor) med havremakronar, og så strauk eg julegardinene til kjøkkenet og hengde dei opp. Mens eg var i gang fekk eg stroke sengkleda som eg berga inn før regnet kom og litt av kvart anna. Nils hengde opp diverse pynt inne og ute, så no er det i alle fall LITT pynta her. Eg er ikkje så veldig flink med den pyntinga.
Innimellom var det salmesong og sport alt ettersom. Må innrømme at eg er lei all salmesongen. Eg forstår at dei må synge på den måten dei gjer, sidan dei skal synge i lag med kyrkjelyden, men eg synest det blir kjedelig i lengda.
Ein højdare i går var "Just a closer walk with thee"- trur det var same musikarane som spelte på langfredagsgudstenesta frå Trondheim. Den som var på TV. I dag såg eg fram til "Morning has broken", som er ein av favorittane mine. Men så song dei den på norsk, og særleg spennande vart det heller ikkje. Det eg saknar er sagt med eitt ord: TRØKK.
Innimellom strikkar eg og les i Levi Henriksens "Harpesang"-det skulle matche bra.Eg har hevda på FB at der er for mange salmar i den nye salmeboka, og for mange GAMLE salmar, så no får eg vel heile "Salme-Norge" imot meg.
For morgondagen har eg ingen planar, men eg har nok å styre med om eg har lyst og krefter til det. Dagane er så korte, og eg saknar sola og lyset.
Ønsker alle ei god adventstid.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar