torsdag, desember 15, 2022

Dagbok 2022; 15. desember


 Klokka er no16.16, temperaturen ute er minus 2 grader, men det kjennest (for meg) mykje kaldare ut. Snøen dalar ned, jamnt og trutt.

Då vi såg veret i dag tidleg, trudde verken Marit eller eg at vi kunne køyre til treninga; Marit ser dårleg i slikt blindeføre, og eg hadde tunet fullt av umoka snø. Vi blei samde om å bestille bil. Men så såg eg ut glaset der ein nabo var i full gang med å frese snøen min bort. Og då kunne eg køyre. Mens vi var vekke i ca 1,5 timar  vart det nokså djupe spor då vi kom att.

Det var litt ekstra kjekt på treninga i dag, for den som kom innom var mor til fysioterapeuten, ho som dreiv "butikken" før, og henne kjenner vi alle. Det var ho som trena oss då vi begynte, og i dag var ho der og hjelpte til. Anne Elisabeth heiter ho.

Noko anna som var litt morsomt, på ein måte, var at då eg heldt på å koste snøen av bilen, kom terapeuten ut og spurde om eg hadde tatt feil sko/støvlettar. Og det hadde eg verkeleg, men støvlettane eg hadde tatt var heilt like dei eg hadde før, og dei var heilt passelege. Men dei var heilt annleis enn dei eg har no. Ja, hadde eg ikkje brukt tid på å koste snø, så hadde eg kome heim med feil sko.Men det var ingen sure miner. Då eg kom heim spada eg snøen av trappa og laga ein liten veg til garasjen. Det snødde fort til att. No er det akkurat slik det var i fjor vinter

Då eg kom heim vart det litt styr med fyring etc. Og så laga eg middag, i dag vart det julepølse(kvit) og potetstappe. Eg fekk sett ferdig serien min mens potetene kokte. Etter middagen vart det ein pause, såpass det slokna i omnen og eg måtte tende opp på nytt. Eg har tre varmekjelder på stova, omnen, varmepumpa og el-omnen. Eg driv og sjonglerer med desse tre, men eg veit ikkje kven som gir mest varme for pengane. 

Eg trur ikkje det blir gjort så mykje meir fornuftig i dag-men eg har fått eit nett med garn av Solveig, slik garn som eg kan strikke lestar av. Eg har alltid eit nett fullt av strikkasokkar som barn og barnebarn får når dei treng.

Vi snakka om lestar på treninga og Anne Elisabeth sa at ho også strikka lestar, og ho brukte brota om att; det har eg også gjort av og til.

Eg ser på FB i dag at Eli Kjøde har fått  Frivillig-prisen, og den fortener ho verkeleg .Ho har drive med frivillig og gratis arbeid i mange år. Det er ho som har styrt pensjonistlaget dei ti siste åra, og det er ho som held gratis spansk-kurs for pensjonistar og ho har jobba mykje for å behalde Svendsengarden og halde den ved like. Og mykje meir.

I morgon må eg truleg til Vik og ordne opp med eitt og anna, dvs. kjøpe diverse som eg har tenkt ut. Det er best eg skriv ei liste så eg ikkje kjem heim med så mykja anna enn det eg skulle ha. Ja eg må no få ut bilen først.


I går var det ikkje snø på altanrekkverket her, fordi eg hengde ut teppe. Ørsta er ei snøhole.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...