fredag, desember 16, 2022

Dagbok 2022: 16,desember

 

Klokka er no15,50, temperaturen ute er minus 6 graderC . Eg trudde vi skulle få det mildare etter kvart, men det er no kaldt nok enno.Bildet over er heilt ferskt, tatt frå soveromsdøra og ut. Det er i alle fall vakkert med snø og vinterkulde.

Eg har nettopp ete meg stappmett på middagsmat frå i går+++

I dag har eg vore litt surrete, så no lurer eg på om eg er litt dement. Etter at eg hadde gjort ferdig fredagsvasken etc. Kledde eg meg om og tok bilen ned til Vik. Det var ikkje vanskeleg å komme seg ut av tunet for Helge hadde fresa i dag også

Eg gjekk inn på ALTI for å treffe litt folk og sjå litt på julehandelen. Nokre små ærend hadde eg også. Mellom anna kjøpte eg noko handsåpe med Mariann, ei såpe som skulle hjelpe for tørre hender. Men eg kan ikkje ha tatt den med meg for  eg fann den ikkje då eg kom heim.Men eg sjekka at eg hadde betalt den, så då får eg fare ned og hente den.

Trefte eit par karar som eg prata med. Elles gjekk eg rundt og såg på alt eg ikkje treng. Litt kjedelig å ikkje ha bruk for noko. 

Då eg kom ut fann eg ikkje att bilen min, eg hadde ikkje parkert der eg brukar , men det visste eg. Saken var at eg hadde parkert ei rad lenger bak enn eg trudde. Men eg fann no bilen til slutt. Det er ikkje lett å finne den rette av alle små grå.

Eg handla litt på KIWI også før eg for heim. Då fann eg ikkje husnøklane. Eg har oftast bilnøklane hengande på ein spikar i garasjen, og når eg tek bilnøkkelen heng eg opp husnøklane på same spikaren. Men det hender at eg stikk nøklane i jakkelomma eller i veska. Men nøklane var ikkje å finne, og huset var låst og etter at eg fekk ny kjellardør er den også låst. Eg hadde eit lite håp om at ein gammal nøkkel som hang på ein spikar i garasjen kunne få opp døra. Og den passa akkurat, det var nesten for godt til å vere sant, men kvifor skulle den ellers henge der? Eg kom meg inn og deretter gjekk alt greitt, eg har ete middag og lagt i omnen, så no skal eg slappe av ei stund, med ei bok eller med TV og strikketøy.

Fredag-i dag igjen, dei kjem titt og ofte desse fredagane, og så får vi ønske og håpe på ei god helg. Eg har ikkje henta inn avisa kom eg på. Der står det mykje om Erlend i dag. Eg leitar opp avisa på nettet kvelden før vi får den, mest for å løyse sudokuen. Dett gjorde eg i går kveld også,

God helg!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...