søndag, desember 04, 2022

Dagbok 2022: 4.desember


 Klokka er no 18, temperaturmålaren på trappa står på minus 4, men på PC-en står det minus 8, eg veit ikkje kva som er rett, men kaldt er det i alle fall. Nydeleg ver er det også, sjølv om vi kkje får sjå sola anna enn i skyene.. 

Eg kom akkurat att frå ein tur på Fonnvernet, der eg tok mange bilde i dag. Så fint er det sjeldan vi har det i november.

Eg skal innrømme at eg er veldig frostig, så i dag låg eg i den varme gode senga mi til klokka var halv 10, så det vart ein kort dag.

Eg sat og strikka og såg TV etter at eg hadde fått eld i omnen, og temperaturen begynte å nærme seg det som eg vil ha. 

Etter ei stiund fann eg på at eg skulle lage ei kake, ei som eg har laga mange gonger før. DEt var vel derfor eg vart litt lettsindig og ikkje følgde oppskrifta så nøye. Resultatet var ikkje heilt som det skulle vere, men eg et den vel sjølv om ikkje andre vil ha. Når eg bakar blir det så mykje rot at eg tek oppvasken for hand med ein gong eg er ferdig, det gjorde eg i dag også. Så varma eg suppa som var att frå i går og åt den med flatbrød til. 

Brått begynte brannvarslaren å rope ut:" Brann!!!! Brann!!Det brenner! " Høgtalaren i stova ropte ut. Eg oppdaga at eg sat i tåka og fekk opp dører og glas i ein fart. Redd var eg ikkje for dette skjer ofte. I dag var det eit svartbrent flatbrød i brødristaren. Ein nabo som var ute i hagen kom springande og redda meg. Han tok ned brannvarslaren så det vart stilt, og så kom han att og sette den opp igjen. Det at vi har dette voldsomme systemet er Nils si skuld. Då han var sjuk vart han litt redd for at eg ikkje skulle høyre verken dørklokka, telefonen og anna, derfor kom dei frå Hjelpemiddel- sentralen og la opp eit heilt system som eg sjølvsagt har framleis. Røykvarslaren brukar å reagere viss eg brunar saus t.d.

Men det er no godt å merke at naboane reagerer , slik at eg kan bli redda om det skulle vere aktuelt.

Etter alt styret gjekk eg ein runde på Vernet og kosa meg id et fine veret. No skal det visst bli mildare og dpå vonar eg at temperaturen syter for at vi ikkje får snø. Det er betre med regn, for det slepp vi å moke. Denne dagen har gått veldig fort, men no skal eg lage meg kaffi og kose meg med TV og strikketøy.

I dag var det is på "bassenget" mellom dei to vegane, eg såg ungar som leika seg på isen.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...