lørdag, desember 03, 2022

Dagbok 2022: 3.desember


Klokka er no 17.00, temperaturen ute er eg ikkje sikker på, men på pc-en står det minus 6. Det er i alle fall kaldt. Altfor kaldt til at eg likar det. På føremiddagen fekk eg ikkje gjort anna enn å fyre i omnen. Varmepumpa har eg på heile døgnet. Litt etter kvart vakna eg no til liv og kledde på meg og køyrde til butikken. Det vart berre KIWI i dag. Eg kunne hatt lyst til å fare til Vik på "julehandel", men det er ikkje kjekt å fare åleine. Så det får bli  ein annan dag.

Då eg kom att frå butikken tok eg ein tur på Vernet medan eg likevel hadde kledd på meg varme klede. Eg trefte ingen som eg kjende i dag, men kom i prat med ei dame med hund. Eg trudde ho var veldig ung, men ho hadde no barnebarn.

Då eg kom heim laga eg meg grønnsaksuppe med pølsebitar, det var ei stund sidan sist eg hadde det. Og til dessert vart det riskrem  med Piano bringebær-saus. Det blir gjerne det når eg har hatt grautmiddag. Eg sette meg inn i godstolen med lydbok på øyret, men eg fór visst over til eit anna land, for eg opplevde at det var mamma som sat på kjøkkenet og las høgt til meg. Så snart eg går over i draumelandet er dei her, mamma og Nils. Det er slik eg veit at eg har sove, elles hadde eg ikkje trudd det.

No har eg kveikt i omnen for andre gong i dag, Og så skal eg lage meg ein kaffikopp. Så blir det TV og strikketøy resten av kvelden, trur eg. Eg kjem meg ikkje til å gjere noko særleg så lenge det er så kaldt. Det positive er at vi ikkje har snø.

Eg trur ikkje at eg ønska "God helg" i går, men eg håper at alle har det bra uansett-



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...