lørdag, desember 31, 2022

Dagbok 2022: 31.desember


 Klokka er no17.00, temperaturen på trappa er 0 grader og på maskina mi står det: snø kommer.

I dagmorgon bestemte eg meg før eg stod opp at eg ikkje skulle på butikk i dag, og ikkje kjøpe i hop meir mat. Eg har rikeleg på lager.

Derfor gjorde det ingen ting at det hadde kome rikeleg med våt og tung snø. Eg skulle ikkje lenger enn ut i garasjen og hente ved, og det hasta ikkje. Men før eg hadde fått gjort noko som helst, var naboen der og fresa tunet mitt. Der ligg snø enno, men den er tung og våt, så den kan likeså godt smelte.

Planen i dag var å vaske det eg kallar "fredagsvask", det er relativt fort gjort, men her er nokså mykje å rydde opp i. Klede som skal på plass og mykje anna. Eg får ta det litt etter kvart.

Eg hadde ein sudoku som eg begynte på torsdagskvelden, men ikkje fekk til-i går kveld måtte eg berre gi opp. Men i dag tok eg den fram att og fullførte på kort tid. Så no kan eg seie som før:"Eg har løyst alle sudokuane i Møre Nytt" sidan dei begynte å ha slike i avisa.

Til middag i dag hadde eg ein rest, eg hadde tenkt å lage meg sprø svor i dag, men det kan eg no gjere kva dag som helst. Eg er her åleine og bestemmer sjølv. Eg har talt på fingrane og funne ut at det er 5.jula eg er åleine i huset. Men eg har no vore på besøk på Hareid og hatt besøk her heime, så eg føler meg ikkje einsam. Eg likar godt å vere åleine også , då kan eg til dømes sjå det eg vil på TV og strikke attåt. Det blir mykje TV og spøt denne årstida. Men eg ser fram til lysare tider no. Vi plar få sola her rundt den 18.januar, og dagane vert i alle fall lysare etter kvart.

Eg skal opp til Marit ein tur i kveld, for då fer Janne og familien til Volda. Det er no kjekt å ha ei venninne så nær- og andre snille og kjekke naboar. For ei lita stund sidan var eg ut i garasjen og henta ved. Då hadde Even vore der med 5 nye sekker, fryse vil eg i alle fall ikkje, og når det er kald, strekker ikkje varmepumpa til.

Då vil eg ønske alle blogglesarane ei god nyttårsfeiring og alt godt i det nye året.

GODT NYTT ÅR !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...