søndag, januar 01, 2023

Dagbok 2023: 1.januar

 


                                               Storebakken


Klokka er no15.50, temperaturen på trappa er minus 7,7 grader C, på maskina mi står det minus 9 ,det er vel på flyplassen. 

Det er ikkje mørkt ute enno, men månen har vore synleg ei god stund. Sola kjem ikkje ned til oss enno, men den var i fjellsida.

Eg hadde ikkje program for dagen, så eg låg lenge, og føremiddagen gjekk stort sett med til vedfyring, strikking og TV. Måtte no sjå nyttårskonserten frå Wien, det er eit must.

Eg hadde tenkt meg ut og gå tur,  eg somla med å komme meg av garde, men då Marit sende melding om att ho hadde vore ute og gått i ein halv time, då fekk eg opp farten og gjekk ute og sprada i ein heil time.

Der var folk som gjekk på Vernet i dag også, men eg gjekk ikkje der, for i fjor vinter gjekk eg den ein gong det ikkje var laga veg, og det var ikkje lurt. Eg starta med å gå opp Storebakken og gjekk diverse vegar til eg kom ned i Olavsgata. Då var månen godt synleg og gatelysa var komne på. Og neste stopp var Starevegen.

Olavsgata

Her heime har det ikkje hendt noko særleg i dag og det er like godt. På ein måte synest eg det skal bli kjekt med vanlege kvardagar igjen. Men eg har no framleis ferie  som eg har hatt i 20 år cirka.
Eg vil ønske alle eit  Godt Nytt År 2023. 
Året som er forbi var ikkje heilt slik vi ønska, og så spørs det om vi får tilbake livet slik det var.
For min eigen del har eg hatt det bra, har ikkje hatt Corona ein gong- eller influensa - så langt.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...