mandag, januar 02, 2023

Dagbok 2023: 2.januar



Klokka er no16.20, temperaturen ute er minus 7 grader C-og eg synest det er altfor kaldt, men vakkert er det. Bildet over tok eg akkurat no, Det har voore klar himmel og opplett i dag. Men det er kaldt og då virkar ikkje varmepumpa som den skal , så eg stod opp til nokså kaldt hus i dag, Det var ikkje så farleg for eg skulle støvsuge på stova og då held eg varmen. Og eg har ved i garasjen så eg kanfyre i omnen. Men det skal mykje til for å få det varmt nok når eg er her åleine. Marit og eg gjekk ein liten tur i 13-tida, Etterpå starta eg opp bilen og køyrde ei lita runde for å sjå om det var liv i han. Han har stått i ro sidan julafta og i morgon skal vi på trening.

Det mørknar fort om kveldane enno, trøsta er at det går rette vegen mot meir sol og lengre dagar.

I dag laga eg meg skikkeleg god middag, det var steikt ørret med poteter, grønnsaker og rømme. 

Elles sit eg mykje og strikkar lester, eg har fått mykje garn av Solveig, men eg ser at eg må kjøpe noko attåt, vi skal sikkert handle litt i morgon etter treninga. Eg synest det er kjekt med kvardagar, og eg skal ikkje vente for lenge før eg tek vekk julepynten, den har no vore framme sidan 1.desember.

 

Månen veks litt kvar dag no.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...