Bilda i dag er tatt frå parkeringsplassen på Nekken, der vi parkerer når vi er på trening. Bilda er tatt ca. kl.10.
No er klokka 16.50, temperaturen på trappa har stige til minus 4 grader C, det har vore fint i dag, men eg har ikkje vore så mykje ute, dessverre.
Etter at vi hadde vore på trening, var Marit og eg ein tur på ALTI. Eg kjøpte meg ein Sunnmørskalender med fine bilde, til å henge på kjøkkenveggen, slik eg er vand med. Då eg kom heim fyrte eg i omnen og så laga eg grønnsaksuppe med pølse. Eg har handla inn altfor mykje til jul, så no prøver eg å bruke det eg har i hus, og ikkje kjøpe inn meir. Men eg var likevel ein tur inn på SPAR, ikkje for å kjøpe mat, men for å få tak i meir garn, slik at eg får gjere ferdig det eg har strikka og får nytte ut garnet eg har. Mesteparten har eg fått av Solveig. No har eg gjort ferdig tre lestepar sidan julaftan. Og meir skal det bli.
Det blei ikkje til at eg gjekk tur i dag, for eg vart så hekta på strikkinga. Eg hadde eit par gode morgonar då eg sov frampå, men i dag var vekkerklokka på plass. Ja, eg toler vel å bli vekt to gonger for veka? Spanskkurset kjem ikkje i gang enno. For morgondagen har eg ingen planar, men eg skal kanskje begynne å rydde vekk julepynten, den har vore framme sidan 1.søndag i advent. Eg har rikeleg med oppgåver som ventar, men det er enno for mørkt og kaldt.
Eg må visst lage meg litt kaffi såpass eg held meg vaken ei stund utover kvelden.
No er det bekmørkt ute. Men eg har både lys og varme inne. Og masse godteri som eg fekk til jul.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar