mandag, desember 12, 2022

Dagbok 2022:12.desember

Klokka er no  16.30. på trappa mi står det minus 12 grader, på dataen står det minus 16. For meg er det i alle fall kaldt nok, eg hater kulde, og mykje av tida mi går med på å fyre i omnen og elles halde varmen- og det er ikkje lett for meg som frys så snart temperaturen går under +20 grader. I dag tankte eg at om eg lever til neste jul, skal eg reise til "Syden" i desember og komme heim att i februar. Men det blir no ikkje noko, av kjenner eg meg sjølv rett. Men rett skal vere rett , det er eventyrleg vakkert ute, med snø og blå himmel.

Eg hadde ikkje så mykje på jobblista mi i dag, men eg skulle i alle fall lage focaccia-brød , og det har eg gjort. Elles har eg gått og rydda litt her og der, tørka litt støv etc. Kopar og messing pussa eg for eit par veker sidan, no er glanstida over, men pussar eg ein gong  til? Det vil tida vise.

Til middag i dag vart det brødskiver med leverpostei og syltaflesk, så litt julestemning  var det no. Eg fann litt garn som eg har strikka på, berre for å ha noko på hendene, og så såg eg ferdig dei hittil siste episodane av "The Crown". Dei var minst like gode som dei eg har sett før. Særleg likte eg kronprinsen Charles, han som no er konge. Men det kjem vel enda ein sesong, for verken Diana eller dronning Elisabeth er døde enno-i filmen. Det som er litt forvirrande  er at det for kvar sesong er nye skodespelarar  -så det er ikkje alltid lett å kjenne att folka. Men serien er god, og den er lærerik. 
 

No skal eg sjå til å få gjort litt meir i huset. I morgon blir det vel trening på Marit og meg. Då må eg prøve å kle meg varmt nok, for det er ikkje så varmt på treningssenteret. Det er eg som køyrer om tysdagane, og eg synest eg kjenner kor varmt der er i bilen. I fjor vinter var det mykje snø, men ikkje så kaldt som no. Kulden tek vel ein ende -ein gong. Då kan vi t.d. klage på snø eller regn eller eit kvart anna. Hadde eg fått bestemt skulle det vore varmt heile året.

Ingen kommentarer: