tirsdag, desember 20, 2022

Dagbok 2022: 20.desember

Klokka er no 19.14, temperaturen ute er+ 5 grader C og det er heilt nydeleg å sleppe å fryse. Det er sjølvsagt is både her og der, så det er ei utfordring å gå utan piggsko. Eg har ikkje tatt mine fram enno, for eg kan ikkje bruke dei i bilen. No spørs det berre om vi blir kvitt isen før vi får ny snø. Eg skulle ha vore fram på gravplassen også og pynta litt til jul, men der er sikker mykje snø enno.

I dag hadde Marit avtale med Janne om at ho skulle få informasjon om føret. Vi fekk vite at det var veldig glatt både for bilen og dei gåande. Ergo kutta vi ut treninga i dag

Eg fann no litt å gjere her heime, men eg var så trøtt at så snart eg sette meg ned sovna eg , har ikkje vore ute for noko liknande. Eg var som vanlig seint i seng i går og tidleg opp i dag, men sånn er det no alltid. Eg prøvde å strikke og sjå TV, men det gjekk ikkje. Så tok eg fram den store støvsugaren og støvsuga heile stovegolvet grundig flytta fram møblar etc.

Men så var det det at eg måtte til Vik for eg hadde bestilt og betalt ei kake som skulle hentast i dag. Det var eit vågestykke sidan det var is overalt-ikkje minst nede ved ALTI. Eg fekk parkert bilen ikkje så altfor langt frå inngangen og der var no strødd her og der. Inn kom eg meg lett, men det vart nokså spennande å gå med kake på isen. Det gjekk heldigvis bra. Neste utfordring var å plassere kake slik at den ikkje vart øydelagt. Ho fekk sitte/stå på setet framme -med selen på.


 

Alt gjekk bra. Eg handla på KIWI på heimvegen, og då eg endeleg var heime, var klokka 15.30-Og i dag måtte eg ha litt middagsmat, så eg sette på poteter og så steikte eg ørret. Det er veldig lettvint.

Etter at eg hadde ete sette eg meg i godstolen og så på "Den nye dyrlegen" for eg såg den ikkje i går. Då sovna eg skikkeleg godt og vakna opppatt som eit nytt og betre menneske.

I dag har ikkje prisen på el-kraft vore så høg. Eg har ikkje fyrt med ved før no, for varmepumpa virkar godt når det ikkje er for kaldt. Eg måtte også ha på oppvaskmaskina i dag, brukar å ha den på berre ein gong i veka, for eg kan no vaske litt for hand innimellom,

Morgondagen  veit eg lite om, men eg veit at eg må ein tur nedover då også-

Jula nærmar seg no og eg håper på mildver.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...