søndag, november 17, 2019

Dagbok 2019: 17.november

Ned turvegen

Til Fonnvernet





Kven ser eit lite raudt hus?
Opp Fonnvernet


Ned Fonnvernet


Klokka er no 16.10, temperaturen er minus 2 grader og vi har hatt klarvêr og sol i dag også. Men ho er berre i kortare glimt inn i stova.
Sist natt sov eg betre enn på lenge; eg la med klokka 2 og sov til nærmare halv ti. Eg ser kva som må til, eg må ikkje legge meg for tidleg.
På føremiddagen i dag fyrte eg i omnen, høyrde radio og strikka ferdig ein lest. Trur ikkje eg blir verre av å strikke LITT, det verste er å sitte/ligge heilt i ro. 
Eg såg at det var fin sol på Fonnvernet så det vart tur i dag igjen, hadde ikkje vore der sidan onsdag.
Der var mange andre som gjekk tur i dag også,  der var fine, kvite vegar over alt. Eg gjekk opp Storebakken i dag, ned Turvegen, opp Fonnvernet- og ned att same veg. Det blei 1,5 runder i dag, men litt for mykje nedover, knea mine likar best lett stigning.
Då eg kom heim var det tid for middag. Eg laga kjøttkaker til Einar og Audun skulle kome sist torsdag. Etter det har eg ete restar kvar dag. Og tru det eller ei, i dag åt eg opp resten av resten til minste gulrotbit. Ikkje mykje mat blir kasta her. Eg trur eg må vere veldig berekraftig!
No tok eg fram spanskbøkene mine og repeterte litt, eg har ikkje vore så flittig i det siste, men det blir vel meir spansk når jula er forbi, så det er best å halde seg oppdatert.
Elles så blir det ikkje mykje gjort her i huset, skulle vel både ha vaska og rydda til jul, samt bakt kaker. Eg er vanlegvis glad i å vaske, men ikkje når armane streikar. BAKE likar eg aldri. No kom Marit.

1 kommentar:

bodilingeborg sa...

Du er flink å gå tur og det er bra. Fine bilder tek du også. Her i Alleen er det så glatt at eg må bruke broddar, har brote ankelen på isen ein gong, så eg har litt angst. Skulle funne fram sparken, sjølvsagt. Hugsar at farmor Amanda bruka sparkstøtting vintrane når ho skulle på butikken og det var glatte vegar.
Bodilbesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...