torsdag, november 28, 2019

Dagbok 2019: 28.november

Klokka er 18.05, temperaturen er + 1 grad og det har kome litt nysnø. Eg slit litt for å halde meg vaken akkurat no, for eg sovna ei lita stund i godstolen framfor TV etter middagen. Har ein heil del som eg hadde tenkt å gjere no i kveld, men meir og meir blir utsett på ubestemt tid -kjenner eg.
Eg stod opp til normal tid i dag, og etter at eg var ferdig med frokosten sette eg meg til framfor PC-en for å skrive referat frå møtet i går. Det tok ikkje lang tid å få ferdig eit utkast som eg må flikke litt på før eg kan sende det til avisa. Dessverre har eg ikkje bilde å sende med for då eg skulle knipse litt fekk eg melding på mobilen om at eg måtte ladde den opp.
Eg hadde fått hentekode på mobilen, så eg skulle nedover og hente ein pakke på Bunnpris. Det var gardinene som eg hadde kjøpt på nett. Men før eg for nedover skrella eg alle potetene eg hadde. Eg tenkte eg skulle lage pølser og potetstappe til middag i dag når Einar kom innover.
Eg er alltid litt spent når eg skal køyre på desse glatte vegane, men eg prøver bremsene inn Starevegen, og dei virka heilt fint i dag.
På ALTI var eg berre på Bunnpris, kjøpte litt mat der sidan det var der eg skulle hente pakken. Vi har to butikkar som driv med "post i butikk".
Eg køyrde beine vegen heim, sette på potetene og laga stappe når dei var ferdigkokte. Eg hadde kjøpt "julepølser" -som viste seg å vere heilt vanlege middagspølser. For å sette ein lite spiss på måltidet steikte eg bacon, og opna ein pakke surkål. Verken Einar eller eg er så veldig kresne, så vi åt måltidet med god appetitt. Og eg har mykje potetstappe igjen.
Så vart det kaffi, og vi greidde å tømme ein isboks med ein slant i. Det er noko som plagar meg litt-alle desse slantane med eitt og anna, så eg er glad når noko blir tomt.
Før Einar kom hadde eg pakka ut gardinene, dei var heilt OK, men dei var for lange til tross for at eg hadde bestilt den kortaste varianten, eg trudde eg skulle sleppe å klippe av noko, berre brette kanten oppe, så eg får sjå om eg kan lukkast med det.
Eg blir trøtt så snart det blir mørkt, men no må eg lære meg å gjere noko etter at det blir mørkt.
Eg har ikkje somla meg til å bestille frisør, men i dag fekk eg melding frå frisøren min, at viss eg ville ha stelt håret til jul , måtte vi avtale time no. Det er så bra at ho tenkjer på meg og set litt fart i meg. No skal eg lese gjennom referatet mitt, så det blir kanskje sendt i kveld. Det er godt alt som er unnagjort. 
Vi går mot 1.sundag i advent og diverse pynt skal fram. I år har eg laga julepynten i kjellaren og ikkje på loftet, så eg treng ikkje hjelp for å få den fram.
I morgon er det fredag, vekene berre flyg av garde.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...