fredag, juli 22, 2011

Vermelding 22.juli-2011

Klokka er 18.30. Veret i dag har vor overskya, stort sett opphald, og sommarleg temperatur. Akkurat no er temperaturen  + 16 grader C.
No er vel ikkje veret det som opptek oss mest i dag. Vi var ute og jobba, eg med å rense ugras, og Nils med å rydde og spyle altanen, då naboen kom og fortalde kva som hadde skjedd i Oslo. Han hadde tilfeldigvis på TV-en fordi han heldt på å reparere apparatet til svigermora.Vi brukar sjeldan og aldri å ha på TV før utpå kvelden.
Heilt frå Norge kom med i krigane i Afganistan, Irak og Libya har eg vore redd for at noko slikt kunne skje.Og eg har vore sterkt imot at Norge skal vere med å bombe i andre land som ikkje har gått til åtak på oss.  
Når eg ser bilda frå Oslo , tenkjer eg på alle bilda som i årevis har rulla over skjermen frå andre meir "ufredelige" land. Bilde som ikkje har sett seg så altfor fast. Vi høyrer om antall drepne i land langt unna, og det blir berre tal. Det er heilt annleis når det skjer i vårt elles så fredelige land, i ein by vi kjenner- ja, kanskje kjenner vi einkvan av dei som er råka også. Det kjem så nær! Krig og bombing i andre land har vi blitt vant til å sjå på skjermen nesten dagstøtt.
Så spør ein: "Er dette eit terrorangrep?" Då må eg spørje tilbake: "Kva anna kan det vere?" 
Håper at einkvan står fram og tek på seg skulda, slik at vi får klarheit i situasjonen. Og så vil eg for all del håpe at Norge kallar heim sine krigsfly og soldatar. Vil ein ha fred i verda, får ein slutte å krige.(Dette er noko eg har sagt lenge-ikkje noko eg har funne på i dag.)
Og så er det situasjonen på Utøya, den er nokså uklar enno. Heldigvis er ikkje nokon av "våre" der.Eg er veldig glad for at ikkje Ingeborg reiste til AUF-leiren, slik ho hadde planlagt.

1 kommentar:

arieldog sa...

Vi har snakka mykje om det i dag, Ingeborg og eg, at ho truleg hadde reist viss ikkje eg hadde fått den impulsen at eg bestilte Tyrkiatur. Eit lukkeleg samantreff for vår del, men det er andre som tilfeldigvis droppa innom Utøya og som no ikkje lever lenger.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...