lørdag, juli 23, 2011

The day after.

 Så er vi litt klokare enn vi var i går. Det vil seie at vi veit litt meir. Eg må innrømme at etter bomba i regjeringskvartalet, tenkte eg med ein gong på ekstreme islamistiske organisasjonar, sidan dei har utført liknande aksjonar andre stader i verda. Men då skytinga på Utøya vart kjent, og dei to hendingane vart sett i samband med kvarandre, gikk tankane til høgre-ekstremistiske miljø, eller ny-nazistar som dei også vert kalla. Eg veit at det finst store slike miljø i Sverige, og at det finst sympatisørar i Norge.(Har lese om det i diverse krimromanar).
Det som skjedde på Utøya er så vondt og trist at eg har vanskelig å tenkje på anna. Kanskje vert det ekstra sterkt sidan Ingeborg hadde tenkt å reise til den leiren?
Eg håper at politiet greier å få full oversikt over det som har hendt.Og eg synest det tross alt er bra at EIN gal mann er den skuldige, og ikkje ei utanlandsk gruppe.Både eg og sikkert mange andre, tenkte vel først i dei baner. Eg synest også synd i gjerningsmannen som må leve med det han har gjort. Det er ei tung bør å bere viss har forstår konsekvensane av handlingane sine.
Eg går likevel ikkje tilbake på at Norge må slutte å drive krig i andre land. Terror er terror uansett kven som styrer våpena. Og det å miste sine er like vondt for alle-verda over. Det var i grunnen det eg ville ha sagt.
(Eg syntest peace-rosa til Solveig var eit fint symbol. Eg herma, men henta rosa mi på nettet)

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er berre så ufatteleg. Eg var oppe i sekstida, og utviklinga var då mykje verre enn eg hadde førestilt meg, særleg fordi det var ein mann.

Peacerosa er yndlingsrosa mi, også fordi den er eit symbol.

arieldog sa...

Eg stal peacerosa til Solveig som profilbilete på facebook. Håper det er greitt. Den er eit vakkert symbol.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...