tirsdag, juli 12, 2011

Vermelding 12.juli-2011

Klokka er 18.15, og sola har endelig fått overtaket. Det er litt vind og temperaturen er berre +15 grader C.
I dag var vi oppe i rimelig tid, sidan Nils skulle til kontroll på sjukehuset kl.9.30.Mens han var vekke støvsuga eg og rydda, og då han kom heim laga vi tidlig middag.Det vart fiskekaker frå frysaren i dag.
Etter at vi hadde "kvilt" litt, reiste vi fram på Åmdalen og henta ved.Ein mann som Nils kjenner der framme hadde fått vere med på fisketur og fått fisk, derfor skulle vi få ved med han.Vi hadde med sekker og plast-slire, så vi plukka lett opp i ti sekker. Vi liker å ha veden i sekker, for då er den lettare å flytte på. Vi har vel sjelden fått tak i ved så lettvint før. Vi er vant til å både sage og kløyve sjølve, men her låg veden klar. Mannen hadde mykje ved og vil gjerne ha meir fisk, så her ser vi for oss bytehandel.
Og så snart det skjer noko lite, dukkar det opp hjelpsomme naboar.
Eg skal ha for meg litt hagearbeid.Eg skrytte av at riddersporane heldt ut toreveret, men dessverre bukka dei under, bokstavlig talt, for regnet som kom seinare. No skal eg prøve å spjelke dei.Har til mi store glede oppdaga at begge clematisane som vi har planta ved naboens garasje lever. Det tok si tid før dei viste seg i år, men no veks dei.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Så heldige de er. Både fisk og ved er dyrt når ein skal kjøpe det på "det opne markedet".

Besta sa...

Ja, her vankar det både det eine og det andre i byte for fisk. Men det beste er jo at Nils likar å fiske-det er ein nyttig hobby.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...