onsdag, juli 13, 2011

Vermelding 13.juli-2011

Klokka har passert 16.00. Veret har vore nydelig i heile dag, men ikkje særlig varmt. Akkurat no står gradestokken på +18 grader, og det blæs. Fint ver å sole seg på altanen, altså. I dag var vi veldig flinke før middag. Vi sette i gang å skrape altanrekkverket for gammal beis. Vi skrapa og skrapa på timesvis, før vi fann ut at dette var vekkasta arbeid. Rekkverket måtte i alle fall skiftast om eit år eller to.Her er det ikkje så langt frå tanke til handling, så no har vi vore på trelastlageret i Furene og bestilt material til nytt rekkverk. Men først gikk vi ein tur ut Starevegen og såg på alle altanrekkverka før vi vart enige med oss sjølve kva type vi skulle satse på. Det blir ståande denne gongen, og vi skifter berre det som vender nedover. Resten får vere til ein annan gong, det er ikkje rote.
Den høge himmelblå riddersporen har vi spjelka etter beste evne, men den som eg kjøpte i fjor, og som ikkje er så høg, har klart seg betre gjennom torden og regn. Nydelig farge på den også ! No skal eg legge meg ut på solsenga med lydbok og slappe av. Håper alle kosar seg i fineveret.
I dag gratulerer vi Margunn og Stein med 20-års bryllaupsdag!
                                         Rivingsarbeidet er på gang!

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er meir slik farge det er på mine riddersporar. Synest dei himmelblå er finast eigentleg.

Besta sa...

Vi får dele opp den himmelblå rota-eg har fått den av hjørdis, den mørke har eg kjøpt.Sissel har nokre enda mørkare og nokre nesten lilla.Alle er fine.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...