søndag, juli 24, 2011

Vermelding 24.juli -2011

Klokka er snart 18.30. Sola skin på sitt aller finaste, etter at skodda letta langt ut på dagen.Temperaturen er ca +23 grader C. 
Vi har halde oss heime i heile dag også, eg har sett mykje på TV og strikka. Dei lestane eg strikkar no, kjem alltid til å minne meg om Utøya, men det kan eg no halde for meg sjølv. Elles var det ei fin overføring av gudstenesta i Domkirken. Eg er stolt av at vi har eit kongehus som stiller opp, og for at vi har politikarar som verkelig bryr seg. Også i dag har det vore veldig tungt å tenkje på alle som har mist nokon av sine på ein så grusom og unødvendig måte. Men det må vere lov å vere glade for at vi ikkje er blant dei som er råka. Vi kunne lett ha vore det, sidan eit av barnebarna er AUF-medlem og hadde tenkt seg til leiren på Utøya. Ho har vore på ei stor AUF-samling og kjenner mange av medlemmene.
Til middag i dag hadde vi middagspølser og erterstuing, det er sjelden kost her i huset, men vi prøver å ete tom frysaren. I går hadde vi kokt lange.
Eg ser at mange brukar FB for å dele tankane sine med andre i desse dagar. Eg har tenkt på det at FB faktisk fungerer veldig bra i slike høve. Heldigvis har det ikkje vore mange rasistiske kommentarar-og det er bra. Mange innvandrarungdommar har funne seg til rette i AUF, og det kan vere ein av grunnane til at gjerningsmannen reiv seg ut over denne gruppa. Eg synest det er fint at politikarane fokuserer på at Norge framleis skal vere eit ope og demokratisk samfunn med plass for alle. Så håper eg også at ordet "snik-islamisering" blir stroke av vokabularet for godt!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Ei fin minne-gudsteneste på TV i dag. Vil tru at muslimar og andre trusamfunn også deltok i domkyrkja i dag.
Eidabesta

Besta sa...

Det trur eg også. Mi erfaring med muslimar er at dei ikkje er så "redde" for å gå inn i ei kyrkje.Eg såg gudstensta i reprise også, for Nils såg den ikkje før i dag. I morgon kjem Solveig og Margrete + ungane hit til Ø. for å gå i fakkeltog.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...