mandag, juli 25, 2011

Vermelding 25.juli -2011

 Klokka går mot 20.30. Temperaturen er +15 grader og det er skodde og duskregn.
Det har vore enda ein dag utanom det vanlige. I dag har eg sett lite på TV, så eg har ikkje fått med meg så mykje kva som skjer elles i landet. Sidan både Solveig og Margrete skulle til Ørsta for å gå i fakkeltog, bad eg dei til middag her før toget. Laga ein gryterett med ris. Brukte mykje av føremiddagen på å lage mat, dekke bordet etc. Margrete hadde alle 4 barna med seg; frå Hareid var det berre Solveig og Olaug som kom.
Det vart eit kjempelangt tog som gjekk frå Amfi til kyrkja. Vi var komne fram til kyrkja før dei siste gjekk frå Amfi.Det var 3500personar frå Volda og Ørsta som gjekk i toget, somme med roser og andre med faklar. Då alle var komne fram til kyrkja var det mange korte "appellar" frå AUF-medlemmer, ordførarar og prest. Vi song også to songar: Til ungdommen og Mellom bakkar og berg.Vi fekk legge frå oss rosene ved kyrkjetrappa.
Eg trur denne vode hendinga har gjort at folk bryr seg meir om kvarandre og viser det. Sjølv opplevde eg at tre av mine tidlegare elevar (jenter) kom og helste på meg og klemte meg. Det var veldig kjekt, for eg kjenner ikkje alle att om eg møter dei att, no 9 år etter at dei slutta på barneskulen. Det er no eit lyspunkt at dei kjenner MEG igjen.
Døtra til naboen som bur i Oslo er heime på ferie. Ho var nært då det small i regjeringskvartalet. Ho jobbar til vanlig i eit departement, men denne dagen var ho i byen på kafé.
Vi snakka om det i dag at det er så mange som har vore nære på å bli ramma, men slik er det alltid. Det er alltid nokon som unngår katastrofen av meir og mindre tilfeldige grunnar. Dei skal vere glade for det, og ikkje ha dårlig samvit. Det er mange her som har det vondt no fordi ein av leiarane i Ørsta - Volda AUF er blant dei sakna. Ho gjekk på vidaregåande i Volda der Margrete jobbar, så der blir det ein pult ståande tom når skulen tek til att.
( Vil berre presisere at duken var fint stroken før eg la den i skuffa). 
Dette bildet må ein eller annan ha tatt frå kyrkjetårnet. Eg har saksa det frå Sunnmørsposten.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Fleire av dei unge i familien deltok i fakkeltoget. Godt at det vart ei markering som ALLE kunne delta i, også for dei som ikkje høyrer til Den norske kyrkja.
I vårt distrikt er det ei jente frå Stryn som er sakna og ein gut frå Gloppen som har gått på EVG som så vidt kom ifrå det med livet i behald. Det er vanskeleg å konsentrere seg om vanlege gjeremål desse dagane.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, eg har ikkje vore ut for døra før i går. Det gjorde godt å komme ut blant folk som har det på samme måten. Mange "utlendingar" med i toget. Nils fekk med seg Hassan-han fungerer som imam her i Ørsta. Han fortalde at han hadde lese i Koranen og bedt for dei som var ramma.Dei fleste muslimar er faktisk fredelige folk.
Eg torer nesten ikkje tenke på korleis alt hadde blitt om det var ein muslim som hadde stått bak ugjerninga. Guro Vartdal frå Ørsta AUF er enno ikkje funnen.Las på FB at i forhold til folketalet, var dette dobbelt så stort som 11.september i USA.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...