tirsdag, juli 26, 2011

Bok nr. 43 - 2011: FRISK AV MAT

Å seie at eg har lese denne boka er vel drygt, men eg har lese i den. Nils kjøpte den av ein "neger" på moped i går kveld.(Eg brukar ordet "neger" for eg veit ikkje kva land han kom frå. Det er ikkje vondt meint). Han selde bøker for å få pengar til utdanning, og det er greitt for meg.
Det er litt artig å lese i boka, for her kan ein finne ut kva mat ein bør ete eller ikkje bør ete, utfrå dei sjukdommar og plager ein har.
Vi har gått over til å ete ein halv banan kvar på frokostskiva vår, i staden for syltetøy. I boka kan eg lese at banan inneheld mykje kalium (det visste eg frå før) og at det er gunstig for folk som har høgt blodtrykk og tek medisin for det.Så det var eit blinkskot.
Har ei plager med urinvegsinfeksjon bør ein halde seg unna krydder,chili, kaffi, brus og sukker.
Her står også kva ein skal ete/drikke meir av, i dette siste tilfellet er det vatn, blåbær,tyttebær,graskarfrø,sitrusfrukter og løk m.m.
Her står også mykje om diverse frukter og grønsaker som er relativt ukjende hos oss.
Eg synest det er artig å lese i denne boka, men kjem vel berre til å følgje råda som passar meg.
Mitt problem er at det eg bør halde meg unna er det eg likar best. Nokså logisk i grunnen.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg kjøpte ei anna bok av ein av dei fire. Han fortalde at han var frå Tanzania, men skulle studere økonomi i Kenya. (Ikkje omvendt, trur eg, men er ikkje heilt sikker.)
Dette er sikkert topp motiverte studentar! Eg ser på det som ei god "U-hjelp". Håper at utdanninga deira kjem landet deira til gode.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...