torsdag, juli 28, 2011

Vermelding 28.juli-2011

 Klokka er no 22.30. Temperaturen er + 13-14 grader C og der er fotsid skodde, som det truleg har vore heile dagen.
Nils var tidleg opp i dag og for ut for å fiske. Han kom att med ein bra fangst sei, så til middag vart det kokt småsei. Med Kvitseidsmør og flatbrød til er det ein delikatesse.
Har i fleire dagar tenkt på ein tur til Eid for å besøke grava til foreldra minesidan det i desse dagar er 20 år sidan mamma døde.
Vi tok 13.30 ferja frå Volda. Som eg hadde forventa letta skodda då vi kom over Stigedalen, rett og slett fordi det blæs meir på Eid enn her.Men sjølv om vi fekk sjå sola, var der slett ingen varme. Vi var først innom gravplassen, litt seinare var vi innom Hildenes gartneri og kjøpte litt blomster, før vi slo oss til ro med kaffi og kaker på Hildegard. Bodil og Svein var heime "åleine" i dag, og vi hadde ein lang og god prat.Takk for ei fin stund! Vi var oppom gravplassen på heimvegen og sette blomsten på plass.
Hildenes si blomsterforretning er den finaste eg har sett i sitt slag.Mange fine blomster, sjølvsagt, og massevis av stæsj som er ordna etter farge. Dessverre vart mange av bilda mine gule denne gongen også, eg må få opplæring i korleis eg kan unngå det.Men for alle som har tenkt seg til Eid: Stikk innom Hildenes!
Sidan det var såpass seint då vi for heim, var vi ikkje sikre på kva tid ferjene gjekk, så vi køyrde rundt fjorden. Det var litt interessant, for der har det skjedd mykje sidan sist vi for der. Eg tenkjer sjølvsagt på arbeidet med Kvivsvegen.




3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har eit bilete i hovudet av korleis Hildenes var på 60-talet. Eg meiner dei sjekka om agurkane var beiske med å skjere ut ein prøvebit. Tomatane finst ikkje makan i handelen!

Besta sa...

Eg såg verken tomatar eller agurkar i butikken, men kanskje dei selde det ein annan stad. Dei har jo fleire store drivhus framleis, midt i sentrum.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...