lørdag, juli 30, 2011

Vermelding 30.juli-2011

Klokka er 13.30, temperaturen + 18 grader C, og skodda ligg som før. Eg har sikkert sagt det før: Eg tolererer all slags ver, men skodde gjer meg heilt sprø.Den tyngjer meg ned!
I dag hadde vi eigentlig ikkje ærend til Vik, men måtte ha oss ein tur for å sjå folk. 
På Amfi var det merkelig stille, så vi gjekk opp i gågata. Der var det musikk på "scena" nedanfor Svendsengarden. Det var godt vaksne korpsmusikarar som er på sommarkurs på folkehøgskulen som spela. Det var flott å høyre på.
Dei spela gammal-jazz først, og etter at varaordføraren hadde helde ei lita tale, spela dei Gabriels obo. Det er den såkalla Naturfestivalen som opnar i dag, så der var også sykkelløp og akrobatikk i gata. Neste laurdag er det "Saudehornet rett opp"-for dei som kan tenkje seg det.
Vi vart ståande og gåande å prate med mange vi kjende, så vi fekk tilfredsstilt eit sosialt behov. Men til tross for at eg hadde tatt på meg vinterbukse og genser, vart det kaldt.
No skal vi ete middag. I dag skal vi ha gourmetmat: Pølse med brød!

3 kommentarer:

ØystO sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Her fekk vi oss to timar i solveggen. Mykje betre enn ingenting! (Sletta ein kommentar i annan sitt namn over)
Solveig

Besta sa...

Det er vel der ute, som på Eid, at vinden blæs vekk skodda. Så heldige er ikkje vi.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...