Ser at boka har fått Bokhandlarprisen og gode kritikkar, så eg vurderte å ikkje kommentere den.Eg er nemlig så lei av krim at det er så vidt eg orkar å lese slike bøker lenger. Det må einast vere om dei er skrivne av dei mest kjende amerikanske og engelske krimforfattarane.
Var innom biblio i dag for å sjå om eg fann noko-det einaste dei hadde som eg ikkje har lese før, var sjølvsakt enda ein krimroman. No for karane på sjøen og eg kan legge meg ut og lese boka (Demonen som gråt) som eg har rippa og lagt inn på MP3 spelaren.
1.Lydbøker er ikkje som andre bøker. Ein kan lett bli forvirra om det blir mange scene-skifte og parallellhandlingar. Det var det i denne boka.
2. Ein krimroman bør ikkje vere for lang-denne var på 11CD-ar, det hadde greidd seg med mindre.
3. Ein krimroman må vere meir enn berre "krim"-t.d. kunnskap om framande stader og miljø-i denne boka foregår parallellhandlingane i Fredrikstad og i Mafia-miljø i New York. Ikkje så mykje nytt altså.
Eg synest at boka var relativt ordinær, men sikkert grei nok for dei som ikkje har "forspist" seg på sjangeren.
Så vil eg stoppe opp litt ved omgrepet "parallellhandling" som er blitt svært så populært i alle slags bøker, og som eg er gått litt lei av.
Reint matematisk er ikkje omgrepet rett. To parallelle linjer skal aldri møtast, men "parallellhandlingane" i bøker endar alltid opp på same stad. Am I right or am I right?
1 kommentar:
Parallellhandling er populært ja, men i litteraturen skal dei pr definisjon kryssast. Eg gler meg til denne boka!
Legg inn en kommentar