tirsdag, juli 05, 2011

Vermelding 5.juli-2011

No er klokka snart 20, og fiskarane gjer seg klar for ny fisketur.
Det skein opp i dag, då skodda fosvann rundt klokka 12.00. Så veldig varmt har det ikkje vore, men sol frå skyfri himmel er ikkje verst uansett. No er temperaturen +19 grader.Det er ein liten bris, men det plar stilne mot kvelden.
Det var ein fin fangst på lina i dag. Den største kveita vog godt over 10 kilo utan hovud og slog. Dei fekk4 store skater også, som dei kasta ut igjen. Ikkje så mykje å bruke den fisken til anna enn å tørke den, og det er det ikkje rette årstida for.
Eg har gjort lite og ingen ting i dag. Litt "kontorarbeid" og mailskriving på føremiddagen, og så fekk eg renska ugras i "garasjebeddet" før fiskarane kom heim.
Til middag steikte eg store mengder med hyse og lyr. Steikt hyse har eg aldri smakt før, men det var skikkelig godt. Når vi har Håkon på besøk, gjer det ingen ting om vi et fisk kvar dag.
Hassan vart ikkje med utover i går, men i kveld skulle han vere med å dorge etter makrell.
Eg har sjølvsagt hatt meg ei god stund på altanen med lydbok i dag - solsenga har vore heller lite brukt før i år. No lurer eg på om eg skal ta meg ein raptus til med ugraset, har heldigvis ikkje så mange bed, for det arbeidet er ikkje noko for ryggen min.

2 kommentarer:

solveig sa...

Øystein steikte hyse ein gong. Eg var skeptisk, men det var godt. Kan ikkje omtrent all fisk steikast?

Besta sa...

Steikt brosme skal visst også vere godt, men eg har aldri ete anna enn salta og kokt.Det er vel som du seier at all fisk kan steikast, men ein heng vel att i gamle vanar og idear.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...