torsdag, mars 13, 2025

Dagbok 13.mars 2025


                                        Slik er det akkurat no

Klokka er no16.47, temperaturen er +4 grader. I dag morgon var alle markar kvite, men det gjekk fint å rygge ut av garasjen utan å moke. Marit og eg var på trening i dag. Ho skulle eigentleg vore i Ulsteinvik og testa augene, men timen hennar vart flytta. Det er kjekt å vere to same kvar ein skal, og i dag skulle vi handle på KIWI, der var trippel trumf i dag. Eg har aldri tatt ut pengane som eg har på trumfen, for eg veit korleis eg skal gjere det- Men eg veit at eg har fleire tusen kroner der.

I dag ville eg lage meg skikkelig middag, for eg skulle ikkje gå på Vernet i dag. Og så hadde eg ein pakke med spekesild, så det freista meg. Maten var god og eg fyrte i omnen litt og sette meg i godstolen og så TV. Men eg trur eg var borte frå alt ei stund. Eg vaknar alltid tidleg så de er godt med ein liten blund. Kor lenge eg sov veit eg ikkje, men oppvaskmaskina var ferdig då eg var våken igjen, så no har eg tømt den- Det er greit å gjere litt husarbeid på torsdag, så blir det litt mindre å gjere på fredag.

Elles skjer det vel ikkje så mykje men tida går fort. så snart eg det påske. Til eldre eg blir, til fortare går tida.

No skal eg lage meg litt god kaffi og så skal eg ta fram strikketøyet og sette på TV -det er litt spennande i verda for tida, så ikkje alt er kjekt å høyre om.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:20.mai

Klokka er no 18.50, temperaturen ute er +12 grader, sola skin og det er litt vind. Vi har hatt mange fine dagar i mai, men no er det visst s...