" Regn/snø i morgen" seier PC-en men no skin sola, så då får vi nyte det. Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet, og no skin sola og temperaturen ute er+4 grader C.
I dag var det"spanskdag" frå 11-13. Vi kunne no leksa bra i dag alle saman, meir og mindre. Det er ikkje så strengt.
Då eg kom heim oppdaga eg at veska mi ikkje var med . så det var berre å hive seg inn i bilen og fare ned att med håp om ar der var einkvan som kunne hjelpe meg å finne fram. Men eg var heldig for, Terje sat der og prata med ein mann og han var orientert; Eli hadde sett at veska låg att og tatt den med seg heim, så skulle ho køyre opp til meg med den. Eg svippa bortom der ho bur og ho var heime og kom med veska. Det var bra, for telefonen min var der så det kunne ha blitt veldig vanskeleg. Eg har eit stort "nett" med meg til bøker etc. og eg plar ha veska oppi også. Men ikkje i dag.
Etter å ha ete opp risgrauten som eg laga i går kveld blei det ein tur på Vernet og då eg kom heim greidde eg å finne riva mi, fann den ikkje sist eg leita. Saken er at der er mykje singel på plenane, sæleg på den ved postkassene. Eg må få singelen tilbake der den hører heime, men eg greidde ikkje så mykje i dag. Det er lenge sidan eg har hatt hagearbeid, så eg er ute av trening. Marit skulle eigentleg til Ulsteinvik i morgon, men så vart timen avlyst så då blir ho med på trening.Og så er det visst trippel-trumf på KIWI. Det er Marit som passsar på slike ting.
Eg synest dagane og vekene går så altfor fort.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar