tirsdag, mars 11, 2025

Dagbok 2025: 11. mars


Klokka er no18.04, temperaturen ute er+3 grader C og sola har gått ned. Det var langt på dag då sola først kom fram. Eg har vore på trening i dag så eg hadde ikkje tenkt å gå tur, men då ola dukka opp vart freistinga for sto, så det vart ein tu på Vernet. 

Før i dag har vi vore på trening, Marit og eg, og så hadde vi oss ei pratestund her,, etter at vi var komne heim. Elles har det ikkje hendt noko som eg veit om.I morgon skal eg på spansken igjen, så det blir litt studering i kveld. Eg har lagt lappar med spansk tekst både her og der, men det er mykje å hugse for eit gammalt hovud.

Eg har ikkje laga middag i dag, men har tenkt å lage meg litt risgraut til kvelds og så har eg litt Strandamor, så eg får litt saltmat . Eg måtte kveike litt i omnen i dag, men så kom sola til slutt.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 12.mai

Klokka er no 18.40. , temperaturen ute er + 18 grader C.Men det har vore varmare før i dag, og det har vore sol. Så snart eg var ferdig med ...