Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 4 grader, og sola skin som aldri før. Det er nesten for gale å vere inne i dette veret, og eg har gått turen min på Verne, men etterpå vart eg så trøtt at eg hadde ikkje lyst til noko.
Litt har eg gjort, men då eg sette meg ned i godstolen sovna eg, så strikketøyet har fått ligge i dag. Det fine veret kom så aldeles uventa på meg. Eg prøvde å gå vidare med spansken, no har eg lappar over alt, men det står mykje att, så eg får ta meg ei økt i dag også og i morgon. Det er så mykje tyngre å lære noko no, enn det var då eg var yngre.
I dag måtte eg berre ut! Så eg gjekk ein tur på Vernet, der var mange som var ute fineveret, så eg møtte folk eg kjende.
Her ser sola ut som ho har eksplodert, der ho står over Melshornet. Eg lurer på om dei har sol på Melle no?Sist haust fjerna Rasmus og eg ei stor klungerrose som stod her. Eg har ikkje fått til å fjerne røtene som låg att-enno. Men no lurer eg på kva eg kan plante der-eit tre eller ei buske eller......eg synest eg har nok plen. Som de ser ligg der att to røter som eg ikkje har klart å få vekk enno og så er der ei lite tue med snøklokker. Det er kjekt å sjå alt som vaknar til etter vinteren-men så får ein også meir å gjere ute.Der er krokus strødd utover heile plenen, men desse var litt spesielle i fargen.Dei er ikkje kvite.
Nedafor tilbygget er et eit bed og på denne tida er det krokusen som dominerer.
Det vart ein utruleg fin dag i dag og eg har i grunnen lyst å vere meir ute, men det nyttar ikkje å sitte i ro på altanen. Det blir for kaldt.
No held sola på å gå ned, så då må varmepumpa på igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar