søndag, mars 09, 2025

Dagbok 2024: 9.mars

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er +2   grader C og det kjem våt snø ned frå himmelen. Eg har ikkje lyst ut, og då let eg det vere. Vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren at vi får vel tole nokre sure dagar. Men det er litt kipt at når vi no kunne hatt sol, så får vi dette i staden. 

I dag har eg vore åleine heime heile dagen. Eg stod opp seint og var ikkje heilt i form, men etter å ha blunda litt i godstolen, var eg heilt i orden. Då fyrte eg i omnen så her vart varmt og godt. Eg har ikkje strikka enno i dag, men eg har jobba ein del med spansken, lagt i hop ein klesvask etc. Så har eg lese i Møre-nytt, og så er eg alltid mykje på datamaskina. Men no skal eg sette på TV-en. Den har eg ikkje på heile tida, og då kjem også strikketøyet fram. Eg laga ikkje skikkeleg middag i dag, men kan hende eg lagar noko godt til kvelds. Eg lid inga naud. 

                 Slik har vi det her i dag.Men eg trur at når det lid på kvelden vil vi få                    snø på marka.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 16.mai

  Klokka er no 17.53, temperaturen ute er + 15 grader C, og sola skin og fuglane syng. Det er nydelege dagar, men eg kunne te nkt meg litt m...