Klokka er no 18,42,ute er det opphaldsver og + 6 grader. Sola har ikkje vore langt borte i dag, men ho greidde ikkje å få skine skikkeleg på grunn av skyer, og no er ho høgt på himmelen det kunne eg sjå gjennom skyene.
Eg var som venleg relativt tidleg oppe, og vart sittande lenge framfor datamaskina før Marit og eg køyrde ned til burtikken. Der var det forandringar på gang sist eg var der og no hadde dei fått utvida butikkarealet. Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet. I dag var det fint der oppe, men eg møtte ingen eg kjende.
Då eg kom heim att tok eg meg litt mat og så har eg sete lenge framfor TV-en og strikk og sett Team Pølsa. eg synest det er eit interessant og godt program. Eg såg at dei held på enno, så no har eg vel gått glipp av noko, men det kan eg ordne.
Det skjer ikkje så mykje når eg går her heime åleine, og det er kanskje det beste.Håper det blir bra ver i morgon også. Eg går og tenkjer på at eg vil bort til Hovevatnet, det er så lenge sidan eg var der-.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar