Klokka er no18.35, temperaturen ute er +6 grader C. Veret var nokså fint på føremiddagen, så eg fekk vaska på soverommet, fordi eg fekk ha ut alle golvteppa,så fredagsvasken vart litt utvida i dag. Eg var effektiv på føremiddagen, fekk vaska, som sagt, og mens eg vaska golv etc. var der maskiner som tok oppvasken og klesvasken. Så no er alt gjort.
Eg har ikkje handla i dag, så det må eg gjere i morgon før middag. Elles sit eg mykje og strikkar framfor TV-en, men det er ikkje så oppløftande. Eg forstår meg ikkje på desse karane som vil ha krig- eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå noko positivt i det og øydelegge og drepe. Det har vore krigar nok i verda no. Tenk kor godt vi kunne ha det om alle fekk leve i fred.
Eg har ingen andre planar for helga enn at eg skal kjøpe mat etc. og så håper eg det blir råd å gå tur.Eg tenkjer ofte på at eg vil gå ut til Hovdevarnet, der gjekk Nils og eg ofte, men eg har ikkje vore der åleine..Eg får vente til det blir meir vårleg og sol-trur eg.
PÅ bildet ser de eitt av nabohusa, dei som budde der er her ikkje lenger og no ser det ut som der skal skje noko, så no er det litt spennande. Eg veit ikkje kven dei er, dei som har kjøpt huset, men det får eg sikkert vite.
Det er fredag igjen og eg vil ønske alle ei god helg!
Eg skal opp til Marit og sjå THE VOICE i lag med henne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar