Men det første eg gjorde i dag, var å gå på trening-ikkje gå akkurat men køyre. I dag var ikkje Marit god til å vere med, så eg måtte fare åleine, og på heimvegen vart det ikkje stopp på butikken.
Det var fint og litt sol tidleg på dag, etter kvar skya det over, men eg rakk å gå ein runde på Vernet mens det var opplett. Då eg kom heim fekk eg ein ide, så eg gjekk nedom huset og der stod krokusane i blomst. Det var dei som stod nedafor tilbygget. nesten heile plenen er full av krokus, men dei "viltvaksande" kjem litt seinare.
Eg koka risgraut til middag i dag, or etter at eg hadde ete slappa eg av i godstolen ei stund og såg litt nyheiter. Men eg måtte gjere noko husarbeid også. Eg hadde tenkt å ha ut teppa på soverommet, men det regna, så det utsette eg. Eg gjekk heller laus på Kjøleskapet og vaska og rydda der det var behov. I morgon skal eg ikkje ut på noko, så då blir det å ta fredagsvasken. Og ein klesvask og ein oppvask i maskinene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar