fredag, mars 14, 2025

Dagbok 2025:14.mars

 Klokka er no18.40, temperaturen ute er +2grader C, og PC-en melder snø- Det låg kvitt på markane i dag tidleg, men det meste er smelta. Eg hadde tenkt å gå på Vernet i dag , men akkurat då eg skulle gå begynte det å regne, så eg har halde meg inne.

Eg har tatt fredagsvasken , som vanleg, sette på ei maskin med klede også, men elles har eg ikkje vore så aktiv. Eg har sete og strikka framfor TV-en , som vanleg.

Det er somme dagar som berre blir slik.Eg har ikkje greidd å løyse sudokuen i Møre-Nytt og det ergrar meg. Eg har ikkje vore på butikk i dag, men eg brukar å handle litt på laurdagane.

I kveld skal eg opp til Marit og sjå TV, det er TheVoice. Eg synest ikkje det er så interessant, men det er kjekt å vere hos Marit. For vi får no prata langs med.

Eg hadde tenkt å gå ein tur, men akkurat då kom der ei regnbyge, så eg let vere.

Noko som var kjekt i dag, var at eg fekk melding frå Bodil om at ho hadde fått eit nytt oldebarn. Ho har eit barnebarn som bur på Kongsberg, ho har ei jente frå før og no fekk ho ein gut. Litt artig at både ho og eg har familie på Kongsberg. No skal eg høyre litt nyheiterfør eg skal opp til Marit

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:14.mars

 Klokka er no18.40, temperaturen ute er +2grader C, og PC-en melder snø- Det låg kvitt på markane i dag tidleg, men det meste er smelta. Eg ...