I dag gjorde vi noko som eg sjeldan gjer,; vi gjekk rundt og såg i butikkane, utan å kjøpe så mykje. Margrete kjøpte noko som ho hadde bruk for, eg kjøpte berre litt kopartråd som eg skal ha til å henge opp att eit bilde som datt ned.
Middag kjøpte vi i kafeen på Alti, eg er veldig glad i å gå på kafé, så det passa bra. Men desserten + kaffi tok vi i Starevegen etterpå. Det vart no ein kjekk dag i alle fall.
Eg gledde meg til Stjernekamp i kveld, men det vart ikkje slik som det har vore før så eg vart litt skuffa i første omgang -men det kan hende det blir kjekt etter kvart.Når ein er gammal så vil ein vel helst ha det slik som ein er vand til.
No har eg skulka trimturen min i to dagar, eg likar ikkje å gå på Vernet når det regnar, men eg håper eg kan få gå ein tur i morgon.
Når de ser den kvite lappen på gardina, så er det noko som eg har gjort når eg lærer spansk. Eg har laga lappar på mange ting, på denne står det "Cortinas "-det spanske ordet for gardiner. Eg trur eg kan ta den vekk no, for litt kan eg no vel hugse.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar