søndag, mars 16, 2025

Dagbok 2025: søndag 16.mars

Klokka er no 15.20 og temperaturen ute +3 grader. Det er skyer , men sola er igjennom av og til. Eg var inne heile føremiddagen, såg TV, strikka etc. Men så gjekk eg tur på Vernet. Det var nokså mykje snø som hadde kome ned sidan i går, men mykje hadde smelta, meir oppe på Vernet enn her nede.
Eg møtte ingen eg kjende i dag, så eg vart ikkje vekke så lenge
Eg såg meg litt om i hagen, det er som om eg har lyst å begynne å rydde opp etc. Men eg fekk i alle fall tatt ein del singel som var hamna på plenen. Det er slikt som skjer når ein mokar snø på tunet. 
Dagane og vekene går så altfor fort, eg får aldri gjort så mykje som eg skulle, men slik er det vel alltid.

Eg blir aldri lei av utsikta til Ørstafjorden og dei kvite fjella i Dalsfjorden.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: søndag 16.mars

Klokka er no 15.20 og temperaturen ute +3 grader. Det er skyer , men sola er igjennom av og til. Eg var inne heile føremiddagen, såg TV, str...