mandag, mars 17, 2025

Dagbok 2025: 17.mars

 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+ 4 grader C og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen for å hente ved i dag. Og sant å seie har det ikkje blitt så mykje gjort inne heller. Eg laga ei kake på føremiddagen, og rydda og vaska opp . Og dett var dett. 

Eg har gjort litt til nytte , for eg har jobba litt med spanskleksa  til onsdag. Vi skal snart avslutte spansken no,vi skal halde fram til påske, og det kan vere like godt. Vi er komne godt i gang , så dei som vil lære meir greier mykje sjølve.Men mitt råd til alle som vil lære språk er:Begynn mens du er ung! då er alt mykje lettare.

Elles har eg sett TV og strikka ei stund, og no har eg site her med datamaskina  ei stund-og sett Reels and short videos

I morgon er det trening så då kjem vi oss ut i det minste. Eg lkar ikkje dette veret vi har no. Men vi har no hatt ein utruleg lett vinter, så vi får vel tole nokre grå dagar. no.Eg har sjølvsagt ikkje vor på Vernet i dag, så det er smått med trim.Men i morgon får vi i alle fall litt trim når vi er på treninga.

Eg har ikkje mykje å skrive om i dag. Så eg får berre slutte av.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.mars

 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+ 4 grader C og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen for å hente ved i dag. Og san...