Klokka er no17.20, temperaturen ute er+5 grader og det regnar,kan ikkje seie at eg likar det. Eg går ikkje ut i dette veret.
Eg brukar ikkje å sjå så ofte i postkassa, berre dei dagane det er avis. Møre Nytt.
Det er sjeldan ein får brev slik som i gamle dagar. Eg hadde litt tid til overs så eg ville sjå litt på sudokuen i avisa. Men i dag var der noko så sjeldent som eit brev-det kom frå Bergen og i brevet var der tre fine bilde av det nye oldebarnet Tobias.
Eg sette veldig pris på både brevet og bilda. Eg begynte å tenke på veggplassen i gangen, der alle barnebarna er representert, No begynner det å bli trongt om plassen, så kanskje eg får begynne på ein oldebarnvegg. Eg leita og fann nokre tomme rammer til dei nye bilda, og det fann eg, og i samme eska låg det bilde av foreldre og besteforeldre. Eg skulle vel hengt opp att dei også ?Men eg har bilde over alt.
I dag måtte eg fare på trening utan Marit, for ho var til Ulsteinvik for å få seg nytt høyreapparat. Ho kom ned til meg etter at eg var ferdig med middagen , så drakk vi kaffi i lag og prata. Marit var glad for at ho høyrde så godt no.
I morgon er det spask-kurs igjen og eg har noko å jobbe med i kveld viss eg skal kunne "leksa" til i morgon.Men det er ikkje før klokka 11, så eg rekk å øve litt før den tid også. Det er så utruleg mykje verre å lære noko no enn det var for t.d.60 år sidan.
Eg går ikkje tur på Vernet når det regnar, men i dag har eg no trena i ein time, så litt trim har eg no fått.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar