onsdag, mars 19, 2025

Dagbok 2025:19. mars


                                         Bestemor Hilda Marie

Klokka er no 16.38, temperaturen ute er +7 graderC , det er skya, men opplett.

Det er kanskje litt tidleg å skrive blogg, men det er ikkje sikkert det skjer så mykje meir i dag.(Her med meg altså) Eg har vore på spanskkurs 11-13, og etterpå gjelkk eg tur på Vernet før eg åt middag. Eg hadde mat igjen frå i går, så det var berre å varme opp i mikrobølge-omnen. Det var lettvint. Lenger er eg i grunnen ikkje komen.

I dag er det den 19. mars, og det var ein dag som vart feira i min barndom, for då hadde bestemor på Hildegard fødselsdag. Ho var født i 1878 og døde 1 1969.Ho heitte Hilda Marie

Ho vaks opp i Oslo, og gifta seg med Olaus Strøm som var stasjonsmester på Skarnes og fekk to barn;far min,Storm og ei jente som heitte Eldbjørg. Så døde faren til barna og Hilda flytta tilbake til Oslo med dei to barna. Seinare trefte ho han som eg kalla Bestefar og gifta seg med han. Han var frå Eid og heile familen flytta dit. To barn til fekk bestemor ein  gut og ei jente. Dei bygde hus i Alleen på Eid, det huset var det bror min som overtok då besteforeldra døde.

19.mars var alltid ein stor dag i familien sidan bestemor hadde fødselsdag. Eg hugsar 70 årsdagen hennar, då måtte eg få fri nokre timar frå skulen  for dei hadde bestilt fotograf som skulle ta bilde av bestemor og barnebarna. Eg trur det finst att nokre av dei bilda.

Men 19. mars var det også Holmenkoll-hopprenn om eg ikkje hugsar feil. Det kunne no ikkje vere kvart år. Men då måtte vi ha radioen på sjølv om det var selskap.

Og så hugsar eg att bestemor sa at det var eg som hade arva krøllane hennar,dessverre varte ikkje krøllane mine så lenge som hennar.

Eg synest det er kjekt å minnast dei som har gått bort. Det er berre litt rart å tenkje på at no er eg blant dei eldste i heile slekta av dei som lever att.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...