onsdag, juli 20, 2011

Vermelding 20.juli-2011


Synest det er vemodig at vi alt har brukt opp så mykje av sommaren. Sjølv om vi ikkje skal begynne på jobb igjen, så blir jo sommaren slutt. I dag har det vore ganske bra ver før middag, men akkurat no kom det ei skikkelig regnbyge, så vi måtte sleppe det vi hadde i hendene og gå under tak.Temperaturen er + 16 grader C.I går kveld mens Hassan og Nils var ute og fiska kom det torever og voldsomt regn her inne.Ute på fiskefeltet merka dei ikkje så mykje til det.
Vi har ikkje kome så mykje lenger med rekkverket i dag, vi måtte ta ned nokre fjøler og sette dei opp på nytt, for det var noko som vart skeivt i overgangen mellom den eldste og den nyare altanen. Men det er fort gjort å sette opp fjølene når alt er klart. Eg held og Nils skruar. Vi måler avstanden med to klossar og brukar wateren innimellom.
I dag var vi ein tur på butikken og handla mat, det var nokså tomt i kjøleskapet sidan eg ikkje hadde vore på butikk på over ei veke. Då eg kom heim støvsuga eg grundig, så er det gjort til helga.No håper vi det klårnar opp så vi får sette opp resten av fjølene. Beisinga er ikkje noko det hastar med.
Måtte bere orkidéen min ut på gata og vise den fram.Ingen av naboane hadde sett maken før. Som før  sagt, var den heilt "normal" då eg fekk den. 
Det letta opp såpass at vi fekk opp dei siste fjølene.No er det litt finpuss + topp-bordet som står att.Vi er bra fornøgde.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Flott rekkverk!
Kjekt at orkidéen til 70-årsdagen har fått nye blomar og vakse seg rund og triveleg, eit godt teikn.

STRIKKEMOR(O) sa...

Rekkverket blir veldig fint!!
Orikideen ser flott ut. Vi har ein fin også som Oddvar fekk til 50 årsdagen i februar. Skal ta bilde av den i morgon i dagslys.

Besta sa...

Eg har seks orkidear som blomstrar, berre to av dei er "nye". Det som er så spesielt med denne som eg la ut bilde av, er at den er blitt så omfangsrik-då den var ny var også den høg og slank.Han har "lagt seg ut"-som så mange andre. Og der er utrulig mange blomster på den.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Elin sa...

Heilt fantastisk orkide! Gratulerer med nytt rekkverk. Ja, det er vemodig med sommar som snart er over og nesten ikkje har vore. Vi får trøyste oss med at vi har det godt på andre måtar!